Tirsdag kveld den 13. august 2024 var både Simon og Ane komt opp att til studiebyen deira Trondheim. Ettersom yr.no meldte sol og opptil 27˚C både denne og neste dag bestemde dei seg for å ta seg ein hengekøyetur. Turen gjekk med buss til Ila, og deretter til fots inn i skogen litt under Våttakammen. Der fann dei ein fin plass litt av hovudstien, og begynte å sette opp den lille campen deira. Då begge hengekøyene med myggnetting var hengt opp var da på tide med litt mat.
Simon hadde med stormkjøkken, og pizzadeigen var laga i forkant av turen. Dermed var det pizza på menyen. Ettersom dei ikkje hadde lokk til panna vart menyen endra til calzone, og da vart ein hit! Litt nedanfor «kjøkkenet» stod der ein benk. Simon og Ane valgte å koke vatn til «pumpkin spice-te», som dei så nytte på benken med litt musikk i bakgrunnen, og med utsikt over fjorden og Trondheim by.
Teén var så god at dei hadde lyst på kvar sin kopp til. Begge gjekk opp igjen til (storm)kjøkkenet der Simon satte på nytt tevatn. Så skulle Simon ordne noke med hengekøya, og Ane gjekk tilbake til benken. Etter litt kom også Simon til benken og satte seg ned attmed Ane. I bakgrunnen spelte «One life» av Ed Sheeran, og Simon vart meir og meir nervøs for kvart sekund som gjekk. Han hadde nemleg tenkt å fri når gitt sang var ferdig å spele. Ringen var godt skjult i bukselomma, gjømt under mobiltelefonen. Ut frå Simon si meining tok da ei lita evighet før sangen omsider tok slutt og vart erstatta av Adele med «I drink wine».
Simon tok mobilen ut av lomma. Ane kikka ned. «Da e noke firkanta i lomma under mobilen» tenkte Ane, og i da sekundet skjøna ho kva som kom til å skje. Simon strakk seg etter boksen, reiste seg frå benken, snudde seg mot Ane, satt seg ned på kne medan han formulerte orda «Ane Nævdal Hauge, vil du gifte deg med meg?». Svaret kom fort. Da vart eit krystallklart JA!