Simon, var klare for å vinne quiz ein sein laurdagskveld. På det næraste bordet satt Ane, og ein god gjeng til. Så blei det denne kvelden til at Simon og Ane fant tonen. Ane imponerte med kunnskap om antall hjerter i ein blekksprut, mens Simon visste godt at Apollo 13 blei avbrutt av ei ulykke. Trass i god kunnskap, kom dei ikkje seirande ut frå denne kvelden, men eit frø vart sådd. Gjennom å gje og løse gåtar, fortsatte den gode tonen, framtil ein skilte lag og gjekk heim. Spør dei gjerne om det var interesse frå begge sider, så vil dei svare at det var det.
Det skulle gå over fem måneder til det neste møtet. Ole Mathias inviterte Sylvelin og kollektivet til kveldsmat og sykkelfiksing. Ane kjende seg småsjuk, men valde å stille opp likevel. Dette var kvelden då Simon og Ane fekk tid til å prate meir saman. Koseleg var det verkeleg, trass i søling av eggerøre. Simon har seinare innrømt at han etter denne kvelden, kunne seie seg interresert.
vart invitert tilbake litt seinare. Det vart servert Pai ala Regine, og morosamme augeblink gjennom speling. Samtalen flaut naturleg og varte langt ut på natta. Det vart vanskeleg å dra, men omtrent klokken 2 måtte gjengen ta farvel og dra heim. Kanskje var det nokre observante som la merke til ein viss interesse? Simon hadde tross alt statistikkeksamen klokka 09.00 dagen etter.