Bryllaup

Vår historie

Vår historie

Reisa vår sålangt
  • Første møte

    Laurdag 27.November, 2021

    Norkirken Salem (i Betel)

    Simon, var klare for å vinne quiz ein sein laurdagskveld. På det næraste bordet satt Ane, og ein god gjeng til. Så blei det denne kvelden til at Simon og Ane fant tonen. Ane imponerte med kunnskap om antall hjerter i ein blekksprut, mens Simon visste godt at Apollo 13 blei avbrutt av ei ulykke. Trass i god kunnskap, kom dei ikkje seirande ut frå denne kvelden, men eit frø vart sådd. Gjennom å gje og løse gåtar, fortsatte den gode tonen, framtil ein skilte lag og gjekk heim. Spør dei gjerne om det var interesse frå begge sider, så vil dei svare at det var det.

  • Kveldsmat

    Torsdag 5.Mai, 2022

    Tors veg 12, hjå Simon & co.

    Det skulle gå over fem måneder til det neste møtet. Ole Mathias inviterte Sylvelin og kollektivet til kveldsmat og sykkelfiksing. Ane kjende seg småsjuk, men valde å stille opp likevel. Dette var kvelden då Simon og Ane fekk tid til å prate meir saman. Koseleg var det verkeleg, trass i søling av eggerøre. Simon har seinare innrømt at han etter denne kvelden, kunne seie seg interresert.

  • Kveldsmat og speling

    Torsdag 26.Mai, 2022

    Leif Tronstads veg 15, hjå Ane & co.

    vart invitert tilbake litt seinare. Det vart servert Pai ala Regine, og morosamme augeblink gjennom speling. Samtalen flaut naturleg og varte langt ut på natta. Det vart vanskeleg å dra, men omtrent klokken 2 måtte gjengen ta farvel og dra heim. Kanskje var det nokre observante som la merke til ein viss interesse? Simon hadde tross alt statistikkeksamen klokka 09.00 dagen etter.

  • Blunkande Laurdagsmøte

    Laurdag 10.September, 2022

    Norkirken Trondheim Salem

    Det vart ein lang sommar, uten kontakt. Dei sjenerte sjelene hadde ikkje turt å ta kontakt. Likevel hadde dei tenkt på kvarandre. Simon hadde bursdag og hadde eigentleg tenkt å feire den i ro og mak på buldresenteret. ringte, gratulerte, og spurte om han skulle i . Han og hadde nemleg bakt kake. Så vart det til at Simon kom til Salem, og tvers over rommet såg han Ane. Han ga eit blunk og smilte. Kanskje skjønte Ane at det var meir enn berre eit blunk?
  • Studentweekend

    16-18.September, 2022

    Mjuklia Gjestegård

    Kvar haust arrangerer menigheten ein leir for studentane, og denne hausten var intet unntak. Både Simon og Ane var påmeldt, og reiste til Mjuklia klare for ei innhaldsrik helg. Ane var veldig spent, og gleda seg til å vere med Simon. Ho hadde byrja å mistenke at interessen var gjensidig etter blunket i Salem, og håpte at denne helga ville klarne opp i dette. Allereie ved første måltid fann dei to kvarandre, og satt seg ned med Ved slutten av måltidet hadde Simon fått nytt bakgrunnsbilde på mobilen, et av Simba. Kvelden fortsatte bra med gode samtaler. Faktisk gjekk praten så i ett at Simon og Ane var dei einaste på heile leiren som døgna, og det allereie første kvelden. Resten av helga baud på gode samtalar, swing og kraftig søvnmangel. Og ja, dette var på ein studentleir med 150 studentar, så sjølvsagt vart da kjend at Ane og Simon hadde ei greie.
  • Første date på dyrebeskyttelsen

    25.September, 2022

    Sluppenveien

    Etter ei veke med sjukdom og søvnmangel, for både Simon og Ane, venta endeleg første date. Den starta med at Ane ringte på hjå Simon, og då vart ho invitert inn på ein kopp , før turen gjekk vidare til dyrebeskyttelsen. På trass av eit skralt utsjånad på sjølve bygget gjekk dei inn og fekk sett og klappa katter. Katten Samuel var den roligaste av kattane, og det var han dei to klappa mest. Etterpå fulgte Simon Ane heim, for så å gå heim til seg. Ane gøymde alle dei gode minna i hjartet.
  • Ane + Simon = Sant

    Fredag 14.Oktober, 2022

    Trondheim

    Den 14.Oktober 2022 vart det offisielt. Ane og Simon blei eit par. Så reiste Ane til Moss samme dagen. Simon fekk besøk av foreldra, som vart av dei første som fekk vite om forholdet.
  • Ane på besøk

    4-8.Januar, 2023

    På sunnmøre

    Godt med besøk
  • Sverigetur

    Sommaren 2023

    Ein god tur
  • Loen

    Ein vakker tur
  • Første Disneydate

    September 2023

    Ane har alltid vore glad i Disney, og fekk ein idé om å designe disney-dates. Idéen vart til ulike kort med diverse disney-filmar satt saman med ein meny beståande av hovudrett og dessert. Tanken var å trekke eit kort, for så å sjå tilsvarande film og lage tilhøyrande meny. Dersom du er interessert i å prøve det same kan du finne disney-korta her via .
  • Trulovinga

    13.08.24

    Våttakammen, Bymarka

  • Bryllaup

    12.Juli, 2025

    Denne dagen kjem raskt, og vi gler oss til å dele den med dykk.